Før veka er omme skal Tysse Landhandleri AS vera ute av bygget på Tyssekaien. Selskapet gjekk med nytt stort underskot i fjor, og skrinlegg no planane om å flytta til eit anna lokale. – Me fekk ikkje inn nok kapital til å driva vidare, seier styreleiar Ove-Henning Bjørsvik.