Då Tysse Landhandleri stengde dørene nyttårsaftan, gjorde dei det for siste gong i noverande lokale. Styreleiar Ove-Henning Bjørsvik opplyser at butikken planlegg å flytta til eit anna bygg i nærleiken for å spara pengar. Selskapet har hatt langt mindre omsetnad enn eigarane håpte på då dei starta opp.