Vårryddeveka
I tilknyting til den nasjonale vårryddedagen 18. mars inviterer Samnanger Turlag til vårryddeveke – ein dugnad for å gjere naturen fri for eigarlaust avfall på avvege!
No går det mot vår og lysare tider, og når snøen smeltar kjem bosset fram. Ta med deg store og små, vennar og kollegaer, og gjer ein innsats i ditt nabolag for at me skal ha det reint og ryddig rundt oss!
Du kan vinna flotte premiar sponsa av Samnanger Turlag, Safa, Kamille, Kiwi, Bjørkheim Sauna og Spar ved å dela bilete frå dagen. Merk bileta med #haldsamnangerreint (på Facebook/Instagram) eller send til samnanger.turlag@gmail.com. Me gjer merksam på at bileta kan bli brukt i marknadsføring.
Samnanger frivilligsentral stiller med container, som står utanfor biblioteket frå 17.-26. mars, slik at du kan rydda når det passar for deg. Hugs at det berre er blanke poser med restavfall som skal i containeren (posar kan du henta på biblioteket i opningstida).
Dette er ein sosial og viktig aktivitet for liten og stor – takk for din innsats!