Tankeviruskurs
Biblioteket på Bjørkheim
Samnangerhjelpa og Frisklivsentralen arrangerer eit nyttig og morosamt kurs om korleis tankane og merksemda påverkar humøret og handlingane dine. Du lærer også om psykologiske vitaminar som tar knekken på plagsame tankevirus.
Kurset passar for mange, frå deg som ønskjer å læra meir om korleis tankane og merksemda påverkar deg i kvardagen til dei som har symptom på mild til moderat depresjon og angst.
Kurset går over tre gonger og er gratis. Det vert halde på biblioteket på Bjørkheim 10., 17. og 24. november kl. 17.30 – 19.00.
Kurshaldarar: Venla Snilstveit og Rikke Reistad
Påmelding via Friskus (friskus.com) eller SMS til 453 76 165.
Frist for påmelding: Onsdag 5. november
