NOA/Krafla: Informasjonsmøte for lokale bedrifter

29. september 2022 kl. 19:00
Biblioteket på Bjørkheim

Tema: Moglegheiter for næringslivet i Samnanger ved utbygging av landstraumanlegg til oljefelta NOA og Krafla.

Frå prosjektgruppa for tiltaket vil fylgjande vera til stades for å orientera og svara på spørsmål:

Dines Haslund – NOA Krafla
Helge Toft  – Multiconsult

Litt om saka:

Aker BP og Equinor har søkt Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om konsesjon for bygging og drift av nytt landstraumanlegg frå Samnanger transformatorstasjon til oljefelta NOA og Krafla i Nordsjøen.

Det primære utbyggingsalternativet i søknaden omfattar bygging av ein ny transformatorstasjon i Børdalen i Samnanger. Denne skal koplast til Statnett sin transformatorstasjon ved hjelp av ein ny jordkabel. Frå den nye transformatorstasjonen i Børdalen skal kabelen førast som luftlinje fram til vest for skytebana, deretter vert han lagt i bakken og ført langs eksisterande veg ned til Ospeviki, der kabelen vert lagt i sjø ut fjorden.

Tiltaket er omfattande og vil kunna involvera ein stor del av næringslivet i Samnanger. Blant anna skal det byggjast brakkerigg for innkvartering av personell. Dette inneber t.d. behov for matlevering, kantinepersonell, reinhaldarar, frisørtenester osv.   

Til bygginga av trafostasjonen og straumanlegget vil det verta behov for ei rekke fagarbeidarar, for eksempel innan tømrarfaget, elektrikarar, skogrydding, linjearbeidarar, entreprenørar, betongarbeid, stålarbeid osv.

Næringsdrivande i Samnanger, og andre interesserte, vert oppfordra til å møta i biblioteket  29.09 kl. 19:00  for å få informasjon om tiltaket, og å få svar på spørsmål ein måtte ha.

Har du spørsmål om møtet, ta kontakt med:

Samnanger kommune v/rådmann Ove Sæbø – Mob: 92225562 /Tel: 56587423.
E-post: ove.sebo@samnanger.kommune.no

Samnanger Næringsforum v/Knut M Bjørnås. Mob: 97094408
E-post: post@samanger-naering.no