Jubileumsspelet «Haugespor»

15. november 2021 kl. 19:00
Haga kyrkje

Musikarar og skodespelarar frå «Ryfylke Livsgnist» framfører jubileumsspelet «Haugespor» i samband med 250-årsjubileet for Hans Nielsen Hauge sin fødsel.

Fire skodespelarar og musikar spelar 30 roller i løpet av halvannan time: Lek og lærd, styrande kvinner og myndige menn, bønder og handelsfolk, biskop og lensmann, alvorstyngde predikantar og lystige haugianarar.

Kom og ver med attende til perioden 1796 til 1842, og opplev kva som skjedde i bygd og by i landet og på Vestlandet – med ein hyperaktiv, strikkande Hans Nielsen Hauge i front. Møt dei som var med og mot, forfølgjarar og etterfølgjarar. Musikalske perler, gripande situasjonar og gapskrattande scener kjem på løpande band.

Vaksen kr. 250, student kr. 180, born under 12 år kr 120,-.
Billettbestilling på checkin.no. Billettar kan også kjøpast ved inngangen.

Arr. Samnanger sokn og Fusa sokn