Heim igjen til Samnanger?
Biblioteket på Bjørkheim
Det skjer mykje spennande i Samnanger med etablering av nye næringar, som igjen gjev nye arbeidsplassar. Me snakkar om 50-70 nye arbeidsplassar dei komande to-tre åra. Vidare er to nye område under utvikling for bustadbygging (Klubben/Bjørkheim og Erikajorda). Totalt kan desse to områda gje 50-70 nye bustader.
Dette er bakteppet for at me no lagar ein møteplass der du kan få treffa bedrifter som held til i området. Kanskje finn du din framtidige arbeidsstad hos ei av dei?
Me ønskjer særleg å invitera deg som
– studerer eller jobbar utanfor Samnanger, eller snart skal ut og studera
– har etablert deg utanfor kommunen og kan tenkja deg å flytta tilbake
– vurderer å flytta til Samnanger
– nyleg har busett deg her og er på leit etter jobb
– pendlar, men ønskjer kortare arbeidsveg
På denne samlinga får du, forutan litt informasjon om kva som er «på gang» i kommunen, møta rundt 20 ulike arbeidsgjevarar som ønskjer å rekruttera lokal arbeidskraft.
Det vert servert mat og drikke.
Dørene opnar 17.30, matservering ca kl 18. Me har ikkje sett noko slutttidspunkt
Aldergrense: frå og med 10. klasse
Påmelding via SMS (pga matbestilling) til: Karl Kollbotn, mobil 966 10 507 eller Arild Røen, mobil 934 07 146
Pris: Gratis
