DYR I DRIFT: Øyvind Haga meiner ordninga med bestillingsbuss er overdimensjonert.
DYR I DRIFT: Øyvind Haga meiner ordninga med bestillingsbuss er overdimensjonert. FOTO: Arkiv

Debatt:

Tankar om bestillingsbussen

I Samningen 21. august i år kunne samningane lesa om drosjane i Samnanger som var truga av nedlegging grunna for lite køyreoppdrag. Fleire arbeidsplassar stod i fare. Ut frå responsen å dømma har dette knapt ført til eit skuldertrekk hos politikarane våre.

Når det gjeld bestillingsbussen, er responsen ein annan. Rådmannen meiner forståeleg nok at ordninga kostar for mykje. Dersom det stemmer at kvar brukar vert subsidiert med 490 kroner pr. tur, tilsvarar dette om lag kostnaden med å reisa åleine med drosje frå Trengereidfjorden til Tysse på dagtid – eller 245 kroner om ein fordeler kostnaden på to personar. Likevel ønskjer fleirtalet i formannskapet å halda fram med ordninga – i alle fall i ei eller anna form i regi av Skyss.

Etter mi meining er ordninga i dag overdimensjonert. Bussen er for stor i forhold til behovet, og det kostar for mykje å ha to personar på skiftordning. I drosjenæringa får sjåførane godtgjort etter utførte turar. Me er vane med bestillingsturar, og har utstyret som skal til både til bestilling og betaling. Me er organiserte på ein fleksibel måte, og har fleksible sjåførar.

Eg oppfordrar politikarar og administrasjon til å vurdera om ei ordning med mindre materiell kan dekka behovet. Kva med å lysa ut ein konkurranse om rammeavtale på transport som dekkjer dei behova som bestillingsbussen var tenkt å dekka med mindre materiell? Eg er overtydd om at kostnaden med ei slik ordning kunne minst halverast i forhold til noverande kostnad. I denne vurderinga kunne eit investeringstilskot til dyrt materiell, som ein rullestolbil, redusert driftstilskotet ytterlegare.

Når det gjeld framtida til Samnanger taxi, kan me melda at me har hatt god dialog med Tide buss, og verksemda er sikra forsvarleg drift vidare, sjølv om me har måtta gå til permittering og endra stillingsinnhald hos tilsette.

Sa ja til bestillingsskyss ut året

Subsidierer kvar billett med 490 kroner

Ber rådmannen gå i forhandlingar om bestillingsbussen