OMDISKUTERT: – Eg hadde håpa på noko større forståing for at det eg skreiv ikkje handlar om for eller mot pride, skriv Inge Aasgaard i dette debattinnlegget.
OMDISKUTERT: – Eg hadde håpa på noko større forståing for at det eg skreiv ikkje handlar om for eller mot pride, skriv Inge Aasgaard i dette debattinnlegget. FOTO: lev dolgachov/Scanstockphoto

Debatt:

Regnbogeflagget i skulen – ein siste kommentar

Maren Sævild skriv i Samningen 26.06.2025 eit godt og sakleg innlegg. Likevel er det fleire ting ho skriv som eg merkjer meg.

Maren skriv at min påstand om at regnbogeflagget og prideflagget er det same, ikkje stemmer heilt. Lat oss sjå korleis Chat GTP forklarer dette;

«Alle regnbueflagg er prideflagg, men ikke alle prideflagg er regnbueflagg.»

«Regnbueflagget – det klassiske flagget med seks horisontale striper (rød, oransje, gul, grønn, blå og lilla) – er uten tvil det mest kjente og mest brukte pride-
flagget i verden.

– Det regnes som det universelle symbolet for LHBTQ+ stolthet og fellesskap.

– Det brukes ofte som felles symbol for hele LHBTQ+-beveg-
elsen, særlig i parader, på festivaler, på bygninger i pridemåneden og i sosiale medier.

– Regnbueflagget er så tett forbundet med pride at mange rett og slett sier prideflagget når de mener regnbueflagget.»

Wikipedia skriv; «..regnbueflagget omtales også som prideflagget».

Så akkurat denne diskusjonen trur eg me kan leggja til side.

Skulen heiser regnbogeflagget for tryggleik, inkludering og mangfald

Eg har i mitt innlegg av 19.06.2025 understreka at det eg skriv ikkje handlar om for eller mot pride. Spørsmålet mitt er om det å heisa regnbogeflagget i skulane er samlande eller splittande. Dette svarar ikkje Maren på. Ho viser til kvifor ho støttar bruk av regnbogeflagget i skulane, ikkje om denne bruken av flagget er samlande eller splittande.

Ho viser til fleire stader i opplæringslova som omtaler kva opplæringa mellom anna skal innehalda. Dette er område skulane allereie er pålagde å arbeida med, utan å bruka regnbogeflagget.

Ho skriv også at det er synd tiltak som er meint å signalisera tryggleik og inkludering endar opp med å skapa opplevd utanforskap hos andre, men at løysinga ikkje kan vera å fjerna regnbogeflagget. Skal då regnbogeflagget prioriterast framfor opplevd utanforskap hos andre?

Maren skriv i overskrifta i sin artikkel at «Skulen heiser regnbogeflagget for tryggleik, inkludering og mangfald». Men, skal ikkje tryggleik, inkludering og mangfald gjelda for alle elevane? For det er ikkje markeringa av tryggleik, inkludering og mangfald som vert splittande. Arbeidet med, og feiringa av, dette er alle einige om. Splittinga kjem fram gjennom fleire av dei andre områda regnbogeflagget også vert knytt til.

VIL SAMLA: – Skulen må vera varsam til at dei ikkje medverkar til å vera meir splittande enn samlande både for elevar og føresette, meiner Inge Aasgaard . FOTO: Siri Ravn/Arkiv

No er pridefeiringa over for denne gongen. 27.06.2025 skreiv den profilerte journalisten og programleiaren i TV2, Morten Hegseth, blant anna dette i Aftenposten: Og når noen spør: «Men må det være så seksualisert?» Så bør vi ikke svare: «Det er det egentlig ikke.» Vi bør si: «Ja, pride må være seksualisert. Og det er viktig. Det er politisk. Det er protest.» Så i stedet for å synge «I kveld er det lov å være hore», la oss heller synge «I denne paraden er det lov å være hore». For i 2025 er det politisk. Jævlig politisk. Kommentarfeltene kan brenne mens vi danser nakne dynket i glitter.»

Sjølv om dette er ein ekstrem uttale, og truleg få som stiller seg bak, så vert også slike utsegner knytte til prideflagget. Det er det same flagget skulebarna i barne- og ungdomsskulen skal stå samla rundt. Er dette samlande eller splittande?

Eg hadde håpa på noko større forståing for at det eg skreiv ikkje handlar om for eller mot pride. Det handlar om at enkelte, både elevar og føresette, kjenner på utanforskap når regnbogeflagget vert heist i skulen. Skulen skal arbeida med tryggleik, inkludering og mangfald. Skulen skal, slik også Maren Sævild viser til i sitt innlegg (Oppl.lova § 1-3) «..visa respekt for den einskilde si overtyding». Dette skal skulen kunna gjera utan å nytta eit flagg som nettopp skaper utanforskap hos fleire.

Det er ein grunnleggjande skilnad på kva me vel å gjera som privatpersonar, og det den offentlege skulen gjer. Som privatpersonar er me heldigvis frie til å heisa regnbogeflagget og gå i prideparade som me vil. På skulen må elevane møta om dei vil eller ikkje. Difor må skulen vera svært varsam. Varsam med at skulen sjølv ikkje medverkar til å skapa opplevd utanforskap, og medverkar til å vera meir splittande enn samlande både for elevar og føre-sette. Det ville alle vore betre tente med, både elevar, føresette, skulen og priderørsla i Samnanger.

Om skulane til neste år framleis vel å heisa regnbogeflagget, så reknar eg med at dette vert gjort også gjennom skulen si plikt til å fremja eit godt samarbeid heim-skule der dei har eit tett samarbeid med føresette FAU/SU (Oppl.lov. §§ 10 4-5, Overordna del 3.3 og UDIR «Samarbeid mellom hjem og skole»), gjennom skulen si informasjonsplikt der dei skal gje elevar og føresette nødvendig informasjon om m.a. skulemiljø og rettar (Opplæringslova § 10-8),  og gjennom å driva kontinuerleg arbeid for eit trygt og godt skulemiljø (Oppl.lova. § 12-3). Slik eg kjenner skulen, vil dei ta omsyn til dette.

Tvungen pridemarkering i skulen – eit brot på Opplæringslova

Heva stemma for kjærleiken