FERIEKLAR: Dagleg leiar i Eikedalen Skisenter, Fredrik Tønjum, kan no ta påskeferie. På grunn av ein snøfattig vår blei 27. mars siste opningsdag i skianlegget.
FERIEKLAR: Dagleg leiar i Eikedalen Skisenter, Fredrik Tønjum, kan no ta påskeferie. På grunn av ein snøfattig vår blei 27. mars siste opningsdag i skianlegget. FOTO: Siri Ravn

Måtte stengja før påske

– Dette er første gongen me som jobbar her kan ta påskeferie, seier dagleg leiar i Eikedalen Skisenter, Fredrik Tønjum.

Måndag bestemte dei seg: Anlegget stengjer løypene for i år.

– Når det er meldt 17 grader, er det ikkje lenger håp. Den siste månaden har det vore utruleg dødt her, omtrent som det brukar å vera om sommaren, fortel Tønjum.

Han kikkar rundt seg i Eikedalen Skisenter. Dei einaste snøflekkane som er å sjå er dei som ligg i den eine løypa han hadde håpa å halda open i påska.

– No begynner snart graset å bli grønt her.

Søndag 27. mars blei siste opningsdag denne sesongen.

– Ein halv sesong
Eikedalen skisenter har halde ope i 44 dagar denne vinteren. Dei siste tre sesongane har anlegget halde ope litt over 80 dagar.

– Sesongen var heilt OK fram til vinterferien. Etter dette har det berre vore elende. Me har hatt ein halv sesong i år, oppsummerer Tønjum.

Trass i dei dårlege vêrforholda har tre eller fleire trekk vore opne i 30 av dagane. Men i mars var anlegget berre i drift ni dagar.

– Det kom ikkje noko skikkeleg snøfall i mars. Dette er dårleg butikk for alle, seier sjefen.

I april har det ikkje kome eit einaste snøfnugg.

Færre tilsette enn normalt
Vanlegvis bruker det å vera 50 tilsette i skianlegget. I år har berre 35 personar vore innom og arbeidd der. I tillegg til dei som er i kaféen.

– Mange ungdomar som skulle ha jobba mykje, har fått jobba veldig lite, seier Tønjum.

No er dei seks tilsette som er att godt i gang med å pakka ned for sesongen.

Tønjum fortel at fleire har kontrakt til over påske.

– Me hadde jo håpa å halda ope. Eg kunne ikkje risikera å stå heilt åleine her, så det var ein kostnad eg måtte ta.

Afterski utan ski
Sjølv om han snart kan ta påskeferie, reiser ikkje sjefen i Eikedalen langt.

– Planen er å vera her. Det er ingen stader det freistar å reisa til. Det er jo ikkje skikkeleg vinter nokon plass, så då kan det vera det same.

Dermed blir han i Eikedalen uansett og arrangerer grilling, konkurransar og afterski saman med hyttefolket på langfredag.

Skal inverstera i snø
Tønjum forsikrar at dei ikkje er arbeidslause i Eikedalen, sjølv om snøen har smelta.

– No skal me måla og beisa, så kjem vedlikehald av heisar, maskiner og bygg. Men alt dette hadde me eigentleg planlagt å gjera i mai, fortel Tønjum.

Snøproduksjon er, og kjem til å bli, eit endå viktigare satsingsområde framover. I dag har han tjue snøkanoner i anlegget.

I mai går turen til Austerrike for å sjå på nytt utstyr.

– Men ein sesong som dette gjev dessverre ikkje rom for dei aller største investeringane.

Trass i ein elendig vinter er Fredrik Tønjum og dei andre tilsette klare for å komma tilbake til skianlegget i august. Då skal dei førebu seg til nok ein skisesong i Eikedalen. Håpet lever.

– Me har aldri hatt ein så dårleg vinter to år på rad.

Trur snømangel kan gå ut over rekrutteringa