Ved utgangen av 2024 hadde Samnanger 2.491 innbyggjarar. 282 av desse var innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, viser tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). I dette inngår innvandring frå land som Polen, Litauen Danmark og Tyskland, i tillegg til flyktningar som har kome frå til dømes Eritrea, Syria og Ukraina.
– Eg er svært glad for alle som har busett seg her, og håpar dei vert verande. Skulle dei reisa tilbake til heimlanda sine, ville Samnanger få stor nedgang i folketalet, seier ordførar Karl Kollbotn (FrP).
– For å kunna driva to barnehagar og to skular er me avhengige av å halda på innbyggjarane og få tilflytting. Difor er det forferdeleg trist at Statsforvaltaren herjar slik med det planlagde bustadprosjektet på Bjørkheim. Me treng å koma i gang med bustadbygging i kommunen så raskt som mogeleg, understrekar han.
Viktig for inntektene
Ordføraren sjølv kjenner berre til éitt nytt hus som er under bygging i Samnanger. Og det er nesten ingen bustader å oppdriva for dei som ønskjer å kjøpa. Måndag denne veka låg det tre eigedomar til sals på finn.no.
– Dette er dramatisk og viser at me er avhengige av å få i gang utbygging for å kunna oppretthalda tenestetilbodet i åra som kjem. Med ein gong nokon flyttar til Samnanger har det direkte innverknad på skatteinntekter og statlege overføringar, påpeikar Karl Kollbotn og legg til:
– Me politikarar burde ha teke situasjonen på alvor for lenge sidan. Å skriva om det i partiprogramma utan å gjera noko, har ingen effekt, påpeikar han.
Kamp om ledige bustader
Eit anna moment som påverkar situasjonen er at kommunen sjølv finkjemmer marknaden for sentrale leigebustader for å kunna hjelpa flyktningane. Dette har gjort det vanskelegare for både samningar og andre å finna ledige leilegheiter eller hus. I tillegg har det vore med å pressa prisane opp.
– Eg kjenner til folk som har flytta frå kommunen fordi dei ikkje får tak i ein stad å bu. Unge som ønskjer å leiga, finn heller ingenting. Og no har me fått spørsmål om å busetja endå fleire frå Ukraina. Det gjev oss store utfordringar, seier ordføraren.
– Ta grep!
Samstundes står det hus rundt om i Samnanger som kunna ha vore nytta dersom dei vart haldne ved like.
– Eg vil oppfordra eigarane til å rehabilitera, slik at dei kan leiga ut eller selja. Dét er mykje betre enn at bustadane skal stå ubrukte og forfalla, seier Karl Kollbotn.
Han er redd for at unge som kunne tenkt seg å bu i Samnanger, heller buset seg andre stader.
– Når dei først etablerer seg og stiftar familie, er det ikkje lett å få dei tilbake til heimkommunen.
Har areal
– Bør Samnanger marknadsføra seg betre for å få tilflytting og nye arbeidsplassar?
– Ja, men først må me ha noko å tilby. Bjørkheim og Erikajorda i Nordbygda vert det arbeidd med. Men i kommuneplanen er det også lagt inn andre bustadareal som det hadde vore fint å få bygt ut. Dei ligg på privat grunn, så det er først og fremst opp til eigarane å avgjera om noko skal skje, seier Karl Kollbotn.
Langt vekke
Ordføraren meiner at mange ikkje veit kvar Samnanger ligg. Dei trur at det er langt frå Bergen.
– Men dei som bur her veit betre. Å køyra til Arna og ta toget gjennom Ulriken er gjort på 30 – 40 minutt. Eg har sjølv arbeidd i Bergen sentrum, og veit at reisetida ikkje er noko problem, påpeikar han.
Tal frå SSB viser at 755 personar pendlar ut av Samnanger når dei skal på jobb. Eit fleirtal av desse har arbeidsplassen sin i Bergen. 153 personar frå andre kommunar pendlar til Samnanger.
Tilbakegang i 2024
- I løpet av 2024 gjekk innbyggjartalet i Samnanger ned frå 2502 til 2491.
- Den største årsaka til dette er at det døydde fleire samningar enn det kom nye til.
- I alt vart det fødd 19 born i kommunen, medan 27 samningar gjekk bort.
- Det var også nedgang i flyttetala. Ifølgje Statistisk Sentralbyrå (SSB) flytta 96 personar ut av kommunen, medan 92 valde å busetja seg her.