I desember var Håvard Moe i kommunestyret for å snakka om utfordringane kommunane står overfor i åra som kjem, ikkje minst knytt til at barnetalet går ned medan talet på eldre aukar kraftig. På sikt betyr dette at færre yrkesaktive er med og finansierer framtidas eldreomsorg.
For Samnanger sin del har folketalet lege temmeleg flatt i lang tid. Hadde det ikkje vore for tilstrøyminga av flyktningar dei siste åra, ville kommunen hatt kraftig reduksjon.
Rammar mange
– Dette er illevarslande. Overføringane frå staten vert fastsette ut frå kor mange som bur i kommunen. Med færre innbyggjarar vert rammetilskotet redusert, påpeikar Håvard Moe overfor Samningen.
– Når også talet på yrkesaktive går ned, får kommunen reduserte skatteinntekter. Mindre frå staten og mindre i skatt betyr at det vert vanskelegare å halda oppe tenestenivået. Dette er noko som kjem til å ramma mange distriktskommunar, trur Håvard Moe.

ENDRING DEI SISTE 20 ÅRA: Slik har folketalsutviklinga vore sidan utgangen av 2004. Kommunane sør, vest og nord for Bergen har alle hatt stor vekst. (Kjelde: SSB og Statens kartverk)
– Ikkje normalt
Eit tiltak som kan gjera framtida lysare er å få fleire barnefamiliar til å busetja seg i Samnanger. Det vil vera positivt med tanke på å oppretthalda både barnehagane og skulane. I tillegg vil det vera bra for skatteinntektene.
– Medan dei andre kommunane rundt Bergen har hatt kraftig vekst i mange år, undrar det meg at Samnanger ikkje har fått ta del i denne utviklinga. Det er ikkje normalt at ein kommune som grensar til ein storby, vert liggjande heilt upåverka av det som skjer i regionen.
Under press
Både Bjørnafjorden, Sotra, Askøy og Nordhordland har opplevd sterk auke i folketalet dei siste tiåra – ikkje minst knytt til at det har kome bruer og betre vegar. Ei anna årsak er at bustadmarknaden i Bergen har vore under press. Byen har ikkje klart å ta unna befolkningsveksten som har kome.
– Kva meiner du at Samnanger kan gjera for å endra på situasjonen?
– Det dreier seg først og fremst om å leggja til rette for bustader og næring så nær Bergen som mogeleg, seier Håvard Moe.
Han viser til Luster som døme på ein kommune som har teke dei rette grepa. Her har
politikarane lagt eit nytt byggjefelt nesten på kommunegrensa mot Sogndal.
Vil ikkje tapa pengar
– Men det hjelper ikkje å tilby bustadtomter dersom bustadprisane i området er så låge at dei som vil byggja nytt ikkje får pengane sine att den dagen dei ønskjer å selja. Kommunen må vera villig til å medverka og leggja til rette på utbyggjarane sine premissar, elles skjer det ingenting, meiner Håvard Moe.
– Veit du at det kostar fem millionar kroner å byggja eit hus, men at du berre får tre att dersom du skal selja, tek du ikkje risikoen, seier han.
Moe trur ikkje det er mangel på folk som vil flytta til Bergen. Men mange har ikkje råd til å bu der – og ser difor på områda rundt som alternativ. Det er slike familiar Samnanger kan lokka til seg.
– Men då må kommunen ha noko å tilby, avsluttar rådgjevar Håvard Moe.