Det var i juli Samningen skreiv om fotballgruppa sitt behov for meir treningstid på idrettsanlegget i Hagabotnane.
– Frå måndag til torsdag er kapasiteten på den noverande kunstgrasbana heilt sprengt. Dei ulike fotballaga får ikkje meir enn ein time med trening, sa leiar i fotballgruppa, Svein Tore Drevsjø.
Han viste også til at anlegget berre kan brukast frå mars til oktober på grunn av snøtilhøva i Hagabotnane, og at fleire spelarar frå Samnanger har gått til andre klubbar med betre treningsfasilitetar.
Løysinga fotballgruppa ønskjer er å få kunstgras med undervarme på den gamle grusbana, slik at det går an å trena heile året. No vert ikkje bana brukt til verken trening eller kampar, hevda leiaren i fotballgruppa.
-Vert umogeleg
Svein Verner Røseth, som har arbeidd for friidretten i Samnanger i fleire tiår, og har fire born som har vore aktive utøvarar i klubben, reagerer sterkt på planane.
– Eg har ingenting imot fotball, men meiner det vert umogeleg å driva med friidrett i Hagabotnane dersom dette vert realisert. Det går ikkje an å kasta spyd, kule, slegge eller diskos på ei kunstgrasbane utan at ho vert øydelagt. Då står me berre att med hopp og løpsøvingar. Halve friidretten vert eliminert, argumenterer han.
Var stor innan friidrett
– Men det er vel få som driv med friidrett samanlikna med fotball?
– Oppslutnaden går i bølgjer. Samnanger har vore ein stor friidrettsklubb, som har hevda seg i toppen i Hordaland – og konkurrert mot lag som Gular, Fana og Norna Salhus. Dukkar det opp ei eldsjel eller fleire, kan friidretten fort blomstra att, men då må tilhøva vera til stades for at det går an å driva med denne sportsgreina, meiner Svein Verner Røseth.
– Grusbana vert i dag nytta til både trening og konkurransar i kastøvingar, og vil mellom anna verta brukt under eit friidrettsstemne i september, påpeikar han.
Innandørs trening
Leiar i Samnanger Frp, Karl Kollbotn, stiller seg fullt og heilt bak partikollega Røseth sine argument.
– Frp kjem ikkje til å støtta forslaget om endå ei kunstgrasbane i Hagabotnane, dersom det kjem opp til politisk behandling. Men me har eit tilbod til fotballgruppa som kan sikra at dei får trena heile året, og det er å byggja idrettshall på ein del av grusbana. Då vil alle idrettsfasilitetane i Samnanger vera samla på éin stad, fotballaga kan trena innandørs og det vil vera rikeleg med plass att til kastøvingane ute, seier han.
– Eg trur at kommunen sine planar om å byggja fleirbrukshall på Lauskar vil verta så dyr at politikarane kjem til å få kalde føter når prisen kjem på bordet. I Hagabotnane ligg alt til rette for at det kan byggjast mykje billegare ved å kutta ut kulturdelen og framleis ha garderobar, dusjar og kiosk i noverande klubbhus, argumenterer Kollbotn.
Ingen alternativ
Svein Verner Røseth peikar på at friidrettsgruppa gjekk med på å erstatta naturgraset på hovudbana med kunstgras i 2017 nettopp fordi kastøvingane kunne leggjast til grusbana.
– Fjernar dei dette alternativet også, er det ingenting att, seier han.
– Det er liten tvil om kva som bør prioriterast
– Personleg synest eg ikkje at kastmiljøet i Samnanger er stort nok til at me kan setja grusbana av til friidrett. Men me må ta ein formell runde på dette i idrettslaget før me konkluderer, seier Tor Vilhelm Tysseland.
Han er leiar både i hovudstyret og friidrettsgruppa, og ser korleis fotballen slit med å få nok treningstid.
– Me har svært mange som driv med fotball, men ingen som trener systematisk på tekniske øvingar som diskos, slegge, spyd og kule ut over rein mosjon. Heller ikkje innan høgde og lengde er det nokon særleg aktivitet. Difor synest eg det er vanskeleg å argumentera for at friidretten skal få behalda grusbana, seier idrettslagsleiaren.
Han opplyser at dei som driv med friidrett i dag for det meste trener løp, og der har kommunen gode fasilitetar.
– Eg synest det er litt trist at me misser sjansane til å driva med kast. Men når me ser på kor mange som er aktive innan fotball kontra kastøvingar, er det liten tvil om kva som bør prioriterast.
– Kan ikkje denne delen av idretten blomstra opp att ein gong i framtida?
– Jau, det kan vel skje, men då tenkjer eg at dei som vil halda på med kast bør trena med klubbar som satsar på dette. Der finst det til dømes tilbod i Arna, så me snakkar ikkje om lange avstandar, seier Tor Vilhelm Tysseland.