Måndag hadde elevar frå kulturskulen konsert for bebuarane på Samnangeheimen. Kulturskulerektor Karianne Kayser fortalde at dette var første gong sidan koronapandemien starta at elevane fekk spela inne på heimen.
– Så me synest det er veldig kjekt å få vera her, sa ho.
Kveldens utøvarar var nybyrjarar og hadde spelt frå eitt til to år. For nokre var dette aller første gongen dei skulle delta på konsert. Litt spente og nervøse var nok både dei ferske og dei litt meir erfarne, men alle greidde å halda på både ro og fokus og var kjempeflinke.

FIN PIANOKLANG: Serena Debrom Tesfamichael høyrdest ut til å ha øvd flittig fram mot konserten. Ho spelte stykket «Promenade». FOTO: Marianne A. Reistad
Nynna med
Ein god gjeng bebuarar hadde samla seg i storstova for å få med seg kveldens underhaldning. Og det verka som om konserten fall i smak. Særleg songane frå filmane om Emil i Lønneberget var nok kjende og kjære, og her var det fleire som nynna med.

FRISK SONG: Desse tre jentene, Ida Gjerde Skulstad, Nora Liøen Tveiterås og Charlotte Nesse Trengereid, framførte songen «Milkshake». Dei andre elevane følgde nøye med frå sidelinja. FOTO: Marianne A. Reistad