RART: – Eg synest det er litt merkeleg at me har fått ei oppblomstring no når me så og seia er ferdige med vaksineringa, seier kommuneoverlege Harald Ramm Salbu.
RART: – Eg synest det er litt merkeleg at me har fått ei oppblomstring no når me så og seia er ferdige med vaksineringa, seier kommuneoverlege Harald Ramm Salbu. FOTO: Arkiv

Mutert virus i Samnanger

Sist oppdatert kl. 19.44

Det er oppdaga to nye tilfelle av koronasmitte i Samnanger. Prøvesvar som kom i dag, onsdag 3. februar, viser så langt at det eine er den muterte engelske varianten.

– Me fekk melding om eitt smittetilfelle i går og eitt i dag. Dei to tilfella har samanheng med kvarandre, men me får ikkje vita før i morgon om også nummer to er av ein mutert type, seier kommuneoverlege Harald Ramm Salbu (biletet) til Samningen.

Han opplyser at smitten kjem frå Kvam, og truleg har utgangspunkt i det store utbrotet i Ulvik.

Kriseleiinga i Samnanger hadde møte kl. 16. Ein time seinare var det møte med statsforvaltaren, Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og hardangerkommunane.

Nedstenging?
Kommuneoverlegen opplyser at dei to smitta er i isolasjon, medan tolv personar i Samnanger er sette i karantene.

– Per no er smitteutbrota avklarte. Slik eg ser det, er det ingen stor fare for ukontrollert smitte i kommunen. Det er heller ingen grunn til uro ved skular eller barnehagar, seier Harald Ramm Salbu.

– Kan det verta aktuelt med lokal nedstenging?

– På møta i ettermiddag var det semje om at Samnanger, Vaksdal og hardangerkommunane Eidfjord, Ullensvang og Voss ikkje skal innføra eigne forskrifter om smittevern no, slik Kvam og Ulvik har gjort. I staden skal me halda fram med å følgja dei nasjonale retningslinjene. Dette betyr at det ikkje vert nokon nye forbod i Samnanger, seier Salbu.

Han understrekar at samningane bør unngå unødvendige reiser til andre kommunar med smitte, og i tillegg redusera sosial kontakt så mykje som mogeleg.

– Ver flink med hygiene og hald avstand til andre når du er utanfor heimen. Kan du ikkje halda minst ein meters avstand, må du bruka munnbind, seier kommuneoverlegen.

Testar stadig fleire
– Skjønar du at samningane vert redde når ein ny og meir smittsam variant av covid-19-viruset vert påvist i kommunen?

– Ja, eg forstår at folk vert engstelege, men vil understreka at me jobbar kontinuerleg med både smittesporing og anna kartlegging. Alle som må føreta seg noko, vert kontakta direkte.

Dei siste vekene har i snitt rundt 20 personar testa seg for korona ved helsetunet på Haga. Denne veka vert talet vesentleg høgare.

Les e-avisa Bestill abonnement